Villa Visnes:

Vil gjere storesalen til leilegheit

Lang historie: Villa Visnes, opphaveleg Hotel Central, var bygd i 1896. I perioden 1914-1965 var der husmorskule før det igjen vart hotell. I dag er det leilegheiter i det snart 125 år gamle bygget.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Eigar av Villa Visnes, Arne K. Visnes Berger, ønskjer å føreta ombygging og bruksendring av storesalen i bygget frå 1896. Han vil endre frå forsamlingslokale til leilegheit. Dette kjem fram av eit nabovarsel sendt Stryn kommune.

Leilegheita vil ha eit areal på 148 kvm. Store deler av bygget, som tidlegare har vore både hotell og husmorskule, er allereie bygd om til leilegheiter.