Kontinuerleg barnehageopptak:

Fleire får barnehageplass

No vil ytterlegare ni born få tilbod om barnehageplass i Stryn kommune.

Vikalida: Fem av borna på venteliste søkjer plass i Stryn sentrum. Vikalida har kapasitet til å ta imot desse. 

Nyhende

Etter at vedtekne midlar for kontinuerleg barnehageopptak på 250.000 kr er brukt opp, er der framleis ni born på venteliste som ynskjer barnehageplass i løpet av våren 2020. Dette gjeld både barnefamiliar som ønskjer å flytte til kommunen og foreldre som treng barnehageplass før dei kan returnere til jobb etter enda permisjon.