Fleire hotell i Stryn har stengt dørene, andre håpar på sesongopning 1. mai

Fleire hotell i Stryn kommune har allereie stengt dørene grunna avbestillingar som følgje av koronaviruset. Andre har ikkje opna for sesongen enno og sit på gjerdet og ventar.

Olden Fjordhotel: Mats Pedersen, hotellsjef ved Olden Fjordhotel, har lita tru på at dei kan opne 1. mai som planlagt. – Vi kjem til å sjå an situasjonen framover, men det er liten tvil om at det er tøffe tider, seier Pedersen.   Foto: Berit Melheim

Vi opna for 14 dagar sidan etter å ha halde stengt i januar og februar. No må vi stenge igjen

Anna Marie Vatnamo, Innvik Fjordhotell
Nyhende

Allereie før helga kom meldinga om at samtlege 250 tilsette ved Hotel Alexandra, Hotel Loenfjord samt Loen Skylift, Hoven restaurant og Loen Active var permitterte. Fleire av dei andre hotella avventar no kva som vil skje vidare.