Norges Hytteforbund:

Foreslår eigenerklæring for å kunne bruke hyttene

Norges Hytteforbund foreslår ei ordning som gjer det muleg å nytte hyttene utan at det skal innebere ekstra belastning for kommunane.

Forbundet med forslag: Norges Hytteforbund kjem med forslag til løysingar for at hytteeigarar igjen skal kunne ta i bruk hyttene sine.  Foto: Illustrasjonsfoto: Bengt Flaten

Nyhende

I eit brev til helse- og omsorgsminister Bent Høie gjer Norges Hytteforbund, som organiserer mange av landets hyttevelforeiningar og hytteeigarar, det klart at dei støttar styresmaktene si oppmoding til hyttefolk om å reise heim til eiga kommune.