VØR gjer korona-tiltak

Avfallshenting held førebels fram som vanleg, men Volda Ørsta Reinhaldsverk (VØR) opp- modar om ekstra smittefokus.

Minigjenbruksstasjonen på Grodås: Her vert det framleis ope kvar måndag ettermiddag. Steffen Myklebust er ein av dei som hjelper kundane som kjem med avfall elelr skal hente nye posar og sekkar.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

VØR seier i ei pressemelding at dei innfører nye koronatiltak for å redusere smittefaren for besøkjande og tilsette. Eitt tiltak er å oppmode abonnentane om grundig handvask både før ein trillar fram avfallsfunken og etter at dunken er trilla tilbake. VØR oppfordrar og til vask av dunken etter tømming.

Minigjenbruksstasjonen på Grodås vil framleis halde ope kvar måndag ettermiddag til normal opningstid. Men ved miljøstasjonen i Hovdebygda vert det noko redusert opningstid og trafikkstyring dersom det kjem for mange samtidig. Det er sett fram handsprit i vektbuda og miljøstasjon som ein kan nytte seg av før og etter besøk. Og ved betaling er kun kort tillate, seier VØR.

Personar som er i karantene, kjenner på symptom eller som ikkje har noko presserande behov for å besøke miljøstasjonen, vert oppmoda om å halde seg heime, i tråd med råda frå helsestyresmaktene. VØR ber publikum om denne hjelpa, for at renovasjon som viktig samfunnsoppdrag kan halde fram også i den spesielle situasjonen samfunnet er i.