Butikkfellesskap i Flogården:

– Vi held ope så lenge vi kan

Det er tøffe tider for dei fleste handelsdrivande. Men i Flogården i Stryn er tre gründerar som ikkje har planar om å stenge dørene med det første.

Held ope: Butikkfellesskapet Voma,Tid og Lind i Flogården ønskjer å halde ope sjølv om koronaviruset har gjort det krevjande å drive i handelsnæringa. F.v. Nora Tannæs-Fjeld, Henriette Blaalid og Kari Nordnes Svarstad. 

Nyhende

– Vi ønskjer å overleve. Vi må prøve å vere positive sjølv om det er krevjande tider, seier Kari Nordnes Svarstad, som saman med Henriette Blaalid og Nora Tannæs-Fjeld opna butikkdørene i juni i fjor.