- Føl dei nasjonale tiltaka og vil ikkje innføre lokale karantenetiltak

- Kommuneoverlegen i Volda kommune finn ikkje å skrive ut hastevedtak om reisekarantene som kan gi inntrykk av at vi vert meir skjerma i Volda-samfunnet med eit slikt tiltak. Smitta er i vårt lokale miljø, og det som gir effekt er at folk er lojale til dei nasjonale tiltaka og råda, seier kommunedirektør i Volda, Rune Sjurgard.  Foto: Roy Aron Myklebust

Smitta er i vårt lokale miljø, og det som gir effekt er at folk er lojale til dei nasjonale tiltaka og råda

Nyhende

Volda kommune si kriseleiing drøfta i dag fylkesmannen i Møre og Romsdal si oppmoding og forventing om å innnføre lokale reisekarantener. Men haldninga i Volda er framleis klar: Kommunen føl dei nasjonale retningslinjene.

- Volda kommune registrerer at det er ulike signal frå fylkesmannen i Møre og Romsdal og fylkesmannen i Vestland i høve til nasjonale helsemyndigheiter og justisministeren sitt bodskap til kommunar som vil gjere lokale karantenevedtak. Vi vil ikkje kritisere fylkesmannen si haldning til saka, og det er sikkert rasjonelle omsyn som ligg til grunn, skriv kommunedirektør Rune Sjurgard i Volda i eit brev til fylkesmannen i Møre og Romsdal.

- Volda kommune følgjer for sin del dei nasjonale tiltaka og avventar nærare nye signal frå myndigheitene i morgon om kva tiltak som skal gjelde vidare. Kommuneoverlegen i Volda kommune finn ikkje å skrive ut hastevedtak om reisekarantene som kan gi inntrykk av at vi vert meir skjerma i Volda-samfunnet med eit slikt tiltak. Smitta er i vårt lokale miljø, og det som gir effekt er at folk er lojale til dei nasjonale tiltaka og råda. Vi held fram med å presisere overfor innbyggjarane at alle må ta ansvar og følgje råda for å unngå å verte smitta sjølv og unngå å smitte andre. Problemstillinga vert også lagt fram for formannskapet torsdag 26. mars.

Volda kommune har fokus på å rigge helsetenesta ved å dele opp legetenesta i alle sjikt for å gi godt tilbod, både til til dei med luftvegssymptom/misstanke om smitte, og dei som ikkje er innanfor denne kategorien. Vi delt legekontor og legevakt for å førebyggje mot smitte og smittespreiing.

- Volda kommune har ut frå vårt standpunkt ikkje vurdert kor vidt det er lovheimel for kommunane til å gjere vedtak om reiserestriksjonar eller ev ansvar for konsekvensar ved slike restriksjonar. Volda kommune stiller sin lit til nasjonale helsemyndigheiter og landet si regjering og finn det vanskeleg å overprøve deira råd og avgjerder. Vår haldning er at grenseoverskridande tiltak bør handterast av nasjonale myndigheiter, og dei må vere allmengyldige og samvirkande. Konsekvensane må også berast av fellesskapet, seier kommunedirektøren.

- Avslutningsvis vil vi presisere at koronasituasjonen er vanskeleg for alle som skal treffe avgjerder. Det er vanskeleg å vite kva som er rett, og vi har respekt for at det kan vere ulike syn i ein så usikker situasjon. Kanskje er fylkesmannen si handlekraft det rettaste, men vi ynskjer som nemnt å ha eit breiare grunnlag før det ev vert gjort eit slikt vedtak.