Fleire ungdomar kan bli nettkonfirmantar

Forsamlingar får ikkje gjennomført konfirmantundervisning som planlagt. No har Kyrkjerådet inngått avtale med Sjømannskyrkja om bruk av nettkonfirmant-opplegg.

Kyrkjerådet har inngått avtale med Sjømannskyrkja om bruk av nettkonfirmant-opplegg.  Foto: Berit Roald/ NTB scanpix/ NPK

Nyhende

I opplegget, som er utvikla av Sjømannskyrkja, er det ti leksjonar der konfirmantane skal sjå ein video og svare på spørsmål, men forsamlingane må sjølve stille med nettlærarar.

Måndag vart det kjent at Kyrkja ber forsamlingane om å flytte alle konfirmasjonane i vår til over sommaren. Dei humanistiske konfirmasjonane er utsette til hausten.

(©NPK)