No stemmer kart (skilt) og terreng

Grensejusteringa mellom Hornindal og Stryn førte aldri til flytting av kommuneskilta. Men no er kommune- og fylkesskilta plasserte på Øyebakken.

Ny grense: Stryn og Vestland vart litt større etter grensejusteringa.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

1. januar 2019 vart Stryn kommune litt større, etter grensejusteringa mellom Hornindal og Stryn. Men kommuneskilta vart aldri flytta. Ikkje før førre veke, då skilta både for kommune- og fylkesgrensa endeleg vart plasserte på Øyebakken, der dei skal stå.