Ny informasjon om skulestenging og andre koronatiltak kjem tysdag

Tiltaka som vart innførte for å bremse koronasmitten i Norge, blir ikkje oppdaterte før tidlegast tysdag, opplyser helseministeren.
Nyhende

– Ein konklusjon på dei kraftigaste tiltaka kjem ikkje i dag, så sannsynlegvis i morgon, seier helseminister Bent Høie (H) til NRK.

Då blir det truleg lagt fram korleis dei strenge koronatiltaka, som skulestenging, held fram i tida framover.

(©NPK)