Løvland bustadfelt i Hornindal:

Over 7 millionar kroner dyrare

Volda formannskap måtte vedta tilleggsløyving på over 7 millionar kroner for at bustadprosjektet på Løvland ikkje skulle bli stogga. - Arbeidet starta for tidleg, meiner prosjektleiar.

Kostnadssprekk Kostnadane for opparbeiding av Løvland bustadfelt i Hornindal skyt i veret. No har formannskapet vedteke ei ekstraløyving på over sju millionar kroner.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Kommunestyret i Hornindal kommune vedtok i fjor sommar å løyve kr 25.400.000 (eks. mva.) til utbygging av 28 bustadtomter med 45-50 bueiningar på Løvland. Nordplan AS hadde prosjektering og byggjeleiing fram til Volda kommune tok over etter kommunesamanslåinga.