Inga avklaring for Singerheimen:

– Situasjonen verkar litt håplaus

Det er heilt på det uvisse kva driftsform Singerheimen får til sommaren, og om det blir ope for publikum. Restaureringsarbeidet vil gå som planlagt.

Singerheimen: Restaureringsarbeidet går som om planlagt, men kva driftsform Singerheimen får til sommaren er framleis i det blå. 

Nyhende

– Situasjonen verkar litt håplaus. Vi får svært lite drahjelp frå Musea i Sogn og Fjordane i arbeidet med å finne ny driftsform, seier styreleiar Åsne Folstad. Vestland fylkeskommune har også utsett val av nytt styre, men det gamle styret har valt å halde fram slik at i alle fall det planlagde restaureringsarbeidet kan gå sin gang.