– Vi må unngå at alt stoppar opp

Kenneth Sølvberg ved Nesset camping i Olden meiner det er viktigare enn nokon gong å halde fast ved motell-planane.Innan juli satsar han på å ha 24 nye sengeplassar klare, så får turistane kome når dei kjem.

Held fast ved planane: Kenneth Sølvberg meiner det er viktig å halde hjula i gang, både for sin eigen del og andre aktørar. Han ønskjer difor å setje motellplanane ut i livet og satsar på å ha klart 24 sengeplassar innan juli månad.   Foto: Roy Aron Myklebust

Så må vi håpe at neste sesong blir brukbar

Kenneth Sølvberg
Nyhende

Med koronaviruset hengande som ei mørk sky over turistnæringa, innrømmer Sølvberg at han og kona måtte gå ein ekstra runde på om dei skulle følgje den opphavlege planen med bygging denne våren. Men han kom til den erkjenninga at det er nettopp i ein slik situasjon at det er viktig å halde hjula i gang, også hos andre.