Skogstad Sport om korona-utbrotet:

Spent situasjon for produksjon og familie i Kina

Skogstad Sport AS i Innvik flytta kleproduksjonen sin til Kina for ca. tretti år sidan. Dei fleste fabrikkane ligg i byen Hangzhou i Zhejiang-provinsen. – Vi skal ikkje legge skjul på at Corona-utbrotet i Kina førte til ein spent situasjon for oss, seier dagleg leiar i Skogstad Sport as, Henning Skogstad.

Ekteparet Bobo og Henning Skogstad: – Vi budde i Hangzhou i elleve år, før vi flytta til Innvik. Vi har eit nært og personleg forhold til fabrikkane i Kina som har dyktige folk og held ein høg etisk standard, seier Henning Skogstad. 

Nyhende

Vi møter Henning Skogstad og kona Bobo (eigentleg Hongmei Li) for å høyre korleis dei opplever situasjonen i denne perioden.