Leiarskifte i Thor Tenden Transport:

Tore Wallestad vert ny dagleg leiar

Rolf Olav Tenden gir seg som dagleg leiar i Thor Tenden Transport. 1. april overlet han rattet til Tore Wallestad, samtidig som han sjølv held fram som majoritetseigar og dagleg leiar i Tenden AS.

Overtek rattet: Tore Wallestad t.v. overtek som dagleg leiar i Thor Tenden Transport frå 1. april, medan Rolf Olav Tenden held fram som majoritetseigar og dagleg leiar i Tenden AS. Den første tida vil dei bruke mykje tid saman for å sikre ein god overgang.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

– Eg har hatt ønske om å trappe ned noko. Difor har eg saman med styret jobba med å sjå på framtidig organisering av selskapa våre. No held eg fram som majoritetseigar og styremedlem, samtidig som eg skal vere dagleg leiar i Tenden AS, eit selskap som i all hovudsak driv innan transport av kraftfôr og spesialtransport av slakteriavfall, seier Rolf Olav Tenden.