Vil yte «naudhjelp» for korona-råka næringsliv

Per Kjøllesdal, Alfred Bjørlo og Leidulf Gloppestad har stabla på føtene eit regionalt beredskaps-team for næringslivet.

Beredskapsteam: Fredag vart Stad-ordførarAlfred Bjørlo (V), Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad (Sp) og ordførar i Stryn, Per Kjøllesdal (Sp), samde om å etablere eit regionalt beredskapsteam for næringslivet. I første omgang for dei tre kommunane, men også Kinn og Bremanger vil bli invitert med.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Tanken er å organisere beredskapsteamet med ein regional overbygnad, men i tillegg ha eit team for kvar kommune. På det overordna nivået skal ordførarane sitje saman med næringssjefane eller andre frå administrasjonen, samt NAV og Visit Nordfjord. PwC skal leigast inn som sekreteriat og fasilitator. På kommunenivå vil ein i Stryn kople på Stryn Næringssamskipnad (SNS) og næringshagen

– Kva kan eit slikt beredskapsteam bidra med?

– Vi skal vere ei stemme inn mot Vestland og sentrale styresmakter. Det blir viktig å følgje med på kva ordningar som kjem og korleis ein kan nytte seg av dei. Meininga er å knyte til oss fagfolk innan juss, rekneskap, finansiering, søknadsskriving og elles folk som næringslivet har bruk for. I første omgang blir dette finansiert av Nordfjordrådet, så får ein kome tilbake til dette når vi ser korleis det utviklar seg, seier Kjøllesdal.

Han er oppteken av at det hastar å kome i gang.

– Det kan vere tidskritisk når pengestraumen vert kutta tvert for mange.