100 mill. til støtte for frivillige lag og foreiningar

Sparebankstiftinga Sparebanken Vest har vedteke å opprette eit ekstra-ordinært Korona-fond på 100 millionar kroner.

100 millionar kroner: Tildelingskriteria vil bli definert og offentleggjort seinare, opplyser Sparebankstiftinga Sparebanken Vest.   Foto: Thomas Thaule (illustrasjon)

Nyhende

Dette for å kunne støtte lag og foreiningar på Vestlandet som vil tape pengar eller gå glipp av inntekter på grunn av korona-epidemien, skriv banken i ei pressemelding.

– Ekstraordinære tider krev ekstraordinære tiltak. Difor har vi raskt snudd oss rundt og vedteke ei betydeleg tildeling for å kompensere for bortfall av inntekter til rekkja av lag og foreiningar som står for svært viktig og verdifulle arbeid for å sikre gode fritidsaktivitetar for barn og unge over heile Vestlandet, seier Hallgeir Isdahl, styreleiar i Sparebankstiftinga Sparebanken Vest.

– Det er barn og unge som risikerer å bli taparane etter denne krisa dersom dei laga og foreiningane som står for deira fritidsaktivitetar ikkje overlever krisa økonomisk. Den økonomiske krisa vil med stort sannsyn vare lenger enn helsekrisa. Mange familiar vil få større utfordringar med å finansiere barna sine fritidsaktivitetar, samtidig som sponsormarknaden lag og organisasjonar vil vere vesentleg mindre. Det ønskjer vi å avhjelpe, seier Bjørn Thømt, dagleg leiar i Sparebankstiftinga Sparebanken Vest.