Stod utan jobb og inntekt i korona-råka New York: – Glad for å vere heime igjen!

Jenny Mari Tomasgard (23) er endeleg heime i Hornindal igjen, etter brått å ha stått utan jobb og inntekt det korona-råka New York.

Heime igjen: Etter timevis på vent på telefonen lukkast det Jenny Mari Tomasgard å få ein flybillett til Stockholm. Søndag var ho heime i Hornindal. Glad for å kome seg heim frå New York, og uroa for vener og kollegaer som er att i verdsmetropolen, som er blitt utpeika til episenter for korona i USA.   Foto: Bengt Flaten

Den første billetten eg kunne få, var til eit fly i mai. Eg måtte berre ta den, i tilfelle eg ikkje fekk noko anna

Nyhende

Jenny Mari gjekk på Berkeley College i NY, og hadde i samband med studiet praksisplass hos ei klesverksemd i motebransjen. Der var dei så fornøgde at ho fekk tilbod om jobb, og dermed vart det draumejobb og leilegheit på Manhattan.