Landsskyttarstemnet avlyst:

- Trist, men nødvendig tiltak

Nyhende

Landsskyttarstemnet som skulle vore arrangert på Elverum frå 7.–14. august er avlyst.

Det er Norges Skytterstyre som har teke avgjerda med bakgrunn i den alvorlege situasjonen med spreiing av koronaviruset, og etter oppmoding frå arrangøren i Elverum Skytterlag.

– Trist, men nødvendig å gjere dette. Arrangøren bad oss også om ei avgjerd no, seier generalsekretær i DFS, Jarle Tvinnereim til Fjordingen.

- Trist: - Ei trist, men nødvendig avgjerd, seier generalsekretær i DFS, Jarle Tvinnereim, om avgjerda om å avlyse årets landsskyttarstemne.   Foto: Inge Fænn (arkiv)

- Arrangementet krev mykje ressursar, både når det gjeld dugnadsinnsats og økonomisk. Det er allereie bestemt at Elverum får arrangere LS i 2021. Bodø forskyv sitt arrangement til 2022, Voss til 2023 og Steinkjer til 2024.

5.000 skyttarar og over 10.000 tilreisande blir direkte berørt av avgjerda om å avlyse årets LS.