– Vi treng fleire tilsette

– Vi opplever stor auke i etterspørsel og har auka matproduksjonen ved anlegget i Loen betydeleg dei siste vekene. Utfordringa no er å få tak i nok arbeidskraft.

Aukar bemanninga: – Dersom vi klarer det, bemannar vi opp slik at vi likevel klarer å køyre produksjon med 50 prosent sjukefråver, seier dagleg leiar Geir Egil Roksvåg.   Foto: Roger Oldeide (arkiv)

Nyhende

Det seier Geir Egil Roksvåg, dagleg leiar ved Nordfjord Kjøtt. Etter at Norge vart råka av unntakstilstand grunna koronavirus, har etterspørselen etter norske matvarer auka betydeleg.