Stryn kommune:

Etablerer korona-institusjon på Storesunde

Stryn kommune er i ferd med å omgjere delar av tidlegare Storesunde skule til institusjon for korona- smitta.

Frå skule til institusjon: Storesunde skule vert omgjort til ekstra institusjon for korona sjuke i Stryn kommune. Kommunalsjef helse og sosial, Heidi Vederhus er godt nøgd med løysinga som vert etablert.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

– Vi ser at situasjonen kan bli krevjande og at vi må førebu oss på å kunne få koronasmitta pasientar for pleie i kommunen. For å skille koronasmitta frå brukarar av omsorgsentera i Stryn og Innvik, har vi vald å opprette institusjon på Storesunde, seier kommunalsjef helse og sosial, Heidi Vederhus.