På utdanningsopphald i Spania:

Flotte ambassadørar for Stryn og Norge

Elevane Lise Fure Håvik og Lucia Trvalcova frå Vg2 Reiseliv på Stryn vidaregåande skule kom nyleg tilbake frå eit tre vekers utdanningsopphald i Murcia i Spania.

Elevar på spania-tur: Spanskopplæring med lærar Noelia for Lucia Trvalcova og Lise Fure Håvik frå Stryn Vg2 Reiseliv ved Stryn vidaregåande skule. Dei var nyleg på tre vekers utdanningsopphald i Murcia i Spania. (Etter at dei kom heim att, har dei vore 14 dagar i karantene). Alle foto: Stryn vgs 

Nyhende

Lise og Lucia har praktisert ved Instituto Hispanico de Murcia, eit internasjonalt kontor som har sitt hovudområde innan turisme, guiding og spanskopplæring. Kontoret er også base for internasjonale studentar.