Hingsteutstillinga er avlyst

Årets hingsteutstilling på Nordfjordeid er avlyst. Den tradisjonsrike utstillinga er den store festdagen for fjordhestfolket, men på grunn av koronaepidemien vert det ikkje noko av utstillinga denne våren.

Hingsteutstillinga er årets høgdepunkt for fjordhestfolket. Her frå 2015, mønstrar Unni Sørtømme og hingsteeigar Anne-Karin Høgalmen med Fjell-Finn.   Foto: Caroline Frislid

Nyhende

– Det vil bli ei form for vurdering av dei yngste hingstane i år, seier leiar i Norges Fjordhestlag, Hege Sæther Moen, i ei pressemelding,

Ho lovar ei løysing som sikrar nye, unge fjordhestar inn i avlen i år òg.

Det har vore arrangert hingsteutstilling for fjordhest på Nordfjordeid sidan 1886. Bortsett frå nokre få år før 1965 der utstillinga var andre stader på Vestlandet, har det vore utstilling kvart år.

– Mange har gledd seg til årets utstilling, og mange har arbeidd hardt for å gjere sine hestar klare, men slik situasjonen er no har vi ikkje noko val, seier leiaren i Norges Fjordhestlag.

Stor utstilling i 2021

Dei eldre, kåra hingstane som skulle visast får automatisk utsetjing til å visast på nytt i 2021, og eldre, ukåra hingstar får heller ikkje vurdering i år. Hingstane som skulle inn til utvida bruksprøve får behalde si avlsgodkjenning for eitt år til, og vert oppmoda om å møte til ny visning og vurdering i 2021.

– Vi meiner dette er ei bra løysing og gler oss til ei stor utstilling med doble klasser neste år, seier Sæther Moen.

Arrangørane satsar på ei større utstilling neste vår, og lovar ein skikkeleg fest for fjordhestentusiastane. Norges Fjordhestlag sitt årsmøte, som vanlegvis vert gjennomført i samband med hingsteutstillinga, er utsett til hausten.

Skal kåre unghingstane

Det er viktig for rasen å få nye, unge hingstar klare for avl, så å finne ei best mogeleg løysing for vurdering av unghingstane vert prioritert no.

– Det er viktig for oss at dei nye hingstane som skal inn i avlen vert vurdert av dommar og veterinær, og vi bruker difor tida fram påske til å sjå på korleis vi skal gjere dette innanfor Helsedirektoratet sine retningslinjer, seier Hege Sæther Moen.

Eigarane av innmelde hingstar vil få informasjon når dette er klart.

Sæther Moen seier det er stor forståing for det som skjer.

– Kanskje det akkurat i vår er tid til å setje føll på hoppa, seier ho, og viser til at det er godkjende hingstar i heile landet og at ein ikkje treng å reise så langt.