Ingen Tinestafett i år

Tinestafetten 2020 er avlyst grunna situasjonen rundt koronasmitten. Her frå fjorårets stafett i Hornindal.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Den årlege Tinestafetten, som skulle gått av stabelen 12. mai, er avlyst. Det melder Tine.

– I situasjonen Norge er i no, og med anbefalingar frå myndigheitene om å avlyse store arrangement, har Tine og Norges Friidrettsforbund bestemt at Tinestafetten 2020 må avlysast.

På landsbasis deltek om lag 180.000 born og unge på stafetten. Lokalt er det Hornindal skule som har stått for arrangementet. I fjor var det 41 lag som deltok i Tinestafetten på Hornindal idrettspark.