Nordfjord Familiekontor opnar igjen

- Eg er veldig glad for at vi igjen kan tilby familiar i Nordfjord hjelp og bistand. Det er kanskje viktigare no enn nokon annan gong , når mange barn og vaksne må være heime saman heile døgnet i lang tid, seier leiar Per Ståle Husevåg ved Nordfjord Familiekontor.  Foto: privat

Nyhende

Frå og med torsdag morgon vil Familiekontoret i Nordfjord vere ope igjen. Tilbodet vil i første omgong primært vere på telefon.

- Eg er veldig glad for at vi igjen kan tilby familiar i Nordfjord hjelp og bistand. Det er kanskje viktigare no enn nokon annan gong , når mange barn og vaksne må være heime saman heile døgnet i lang tid, seier leiar Per Ståle Husevåg.

Gode råd i ei vanskeleg tid

Dei aller fleste familiar greier seg fint heime, og tek godt vare på kvarandre. Men familiar som har slite før kan også få ei ekstra utfordring.

- For familiar som strevar med relasjonene seg imellom, kan det bli meir krevjende når barna ikkje kan gå på skule eller i barnehage og foreldra har heimekontor eller er permittert frå jobben, seier leiaren for familiekontoret.

- Derfor er vi som jobber på familievernkontora bekymra for familiane, og særleg barna. Vi vil derfor gjerne hjelpe familier som slit. Frå torsdag morgon 26. mars vil vi vere tilgjengeleg først og fremst på telefon. I unntakssituasjoner vil det være mulig å avtale møte.