Pasient med koronasmitte innlagt ved sentralsjukehuset

Den første pasienten med stadfesta covid-19 (koronasjukdom) er innlagt ved Førde sentralsjukehus. Paisenten er under 65 år, opplyser Helse Førde.

Helse Førde: Førde Sentralsjukehus.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Pasienten har fått stadfesta sjukdomen covid-19. Vedkomande blei lagt inn ved Førde sentralsjukehus torsdag.

- Vedkomande er lagt på isolat og nødvendige smitteverntiltak er sett i verk, seier fagdirektør Trine Hunskår Vingsnes i ei pressemelding.

Pasienten testa positivt på covid-19 for nokre dagar sidan. Pasienten er under 65 år.

- Det var berre eit spørsmål om tid før den første pasienten kom. Dette er vi godt førebudde på, og vi reknar med at fleire blir lagt inn i tida framover. Det som er viktig i vekene som kjem, er at innbyggjarane følgjer tiltaka og råda frå styremaktene. Vask hendene, hald avstand og gjer så godt du kan for ikkje å smitte andre, seier administrerande direktør Arve Varden i pressemeldinga.

På grunn av teieplikta og omsynet til personvernet kan Helse Førde ikkje gje ut fleire opplysningar om pasienten, som til dømes kva kommune pasienten er heimehøyrande i.


Sentralsjukehuset riggar for koronapasientar

Førde Sentralsjukehus blir no rigga for på ein best mogeleg måte å kunne ta imot pasientar som har blitt sjuke av koronaviruset. Det blir etablert ein eigen inngang til desse pasientane, og dei blir lagt inn på ein spesielt tilrettelagt sengefløy i åttande etasje.



Helse Førde overlege smitta av koronavirus:

19 i karantene etter påvist smitte hos tilsett

19 nye medarbeidarar i Helse Førde må i heimekarantene som følgje av at ein tilsett i føretaket måndag ettermiddag fekk påvist smitte frå koronaviruset. Den tilsette skal i følgje avisa Firda vere overlege ved Førde Sentralsjukehus.