LEIAR:

Dyktige tilsette står på for deg og meg

Frå skule til institusjon: Storesunde skule vert omgjort til ekstra institusjon for korona sjuke i Stryn kommune. Kommunalsjef helse og sosial, Heidi Vederhus er godt nøgd med løysinga som vert etablert.  Foto: Bengt Flaten

I Stryn og Volda ser vi framoverlente leiarar og helsepersonell gjere ting dei aldri før har gjort, med stor grad av ro og autoritet

Nyhende

Helsepersonell både i kommunane og ved mange av sjukehusa står no på døgnet rundt, og med heilt anna fokus på ekstraordinære og utradisjonelle løysingar enn det som er vanleg. Det har no gått litt over to veker sidan korona-situasjonen eskalerte så til dei grader at heile samfunnet stoppa opp og mykje vart snudd på hovudet.