Stengte barnehagar nyttar tida til det dei elles aldri rekk

Fornying og fagleg påfyll

«Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko», gjeld for fleire barnehagar og skular i desse koronatider.

Heimekontor: Tilsette i Tonning barnehage brukar tida med «barnefri» til å få gjort unna både praktisk arbeid og fagleg påfyll. Her frå ein av dei tilsette sitt «heimekontor» sist veke. Foto: Tonning barnehage 

Nyhende

Ein skal vere forsiktig med å hevde at det kjem noko godt ut av korona-krisa, men det er ikkje tvil om at mange arbeidsplassar no har høve til å få unna oppgåver som elles blir sett på vent. Med innføringa av stengte barnehagar og skular vart arbeidskvardagen ved Tonning barnehage også snudd på hovudet. Og i mangel av ungar å passe på, har styrar Malin Carlsson freista å gjere arbeidsdagen meiningsfull på anna vis.