Konfirmantane kjem ikkje - fasteaksjonen blir digital

Det er tid for Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp, men i år kjem konfirmantane ikkje rundt på dørene, men folk kan støtte aksjonen digitalt.

Digital innsamling: Årets fasteaksjon er ei viktig diakonal oppgåve for konfirmantane, kan ikkje bli gjennomført på normalt vis i år. Men den blir ikkje avlyst, berre gjort digital.  

Nyhende

Verda står overfor ein situasjon vår generasjon ikkje har sett makan til.

Då er det godt å sjå at det nyttar å hjelpe og at pengane som samlast inn kjem fram. Kirkens Nødhjelp sitt arbeid med reint vatn og hygiene reddar liv kvar einaste dag og førebygger koronasmitte.

Digial innsamlingsaksjon

Akkurat no gjer kyrkjelydar over heile Norge seg klare til å forandre verda, eit liv om gangen. Vanlegvis går konfirmantar og frivillige dør til dør, men i år førebur dei seg på ein litt annleis aksjon på sosiale medier, nettsida vår og via Vipps.

For å unngå å spreie smitte er Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon digital i år. Årets aksjon handlar om å gje reint vatn og opplæring i hygiene til menneskjer som treng det. Koronaviruset kan ramme land med stor fattigdom og dårleg utbygde helsesystem hardt. I ein slik situasjon er reint vatn og god hygiene livsviktig. Kirkens Nødhjelp er i gang med opplæring om koronaviruset og smitteførebygging i fleire land.Her er det mange som merkar alvorlege konsekvensar av klimaendringane som ikkje gjer situasjonen betre. Tørke og flaum øydelegg livsgrunnlaget til folk og tvingar stadig fleire på flukt. Folk manglar reint vatn, vert sjuke og i verste fall døyr.

Som for 14 år gamle Bate og 10 år gamle Kila i Beseko i Etiopia. Landsbyen si einaste vasskjelde var den røffe og skitne elva som gjorde at folk vart sjuke. Regnet la heile avlingar under vatn. Folk blei så sjuke at fleire pakka tinga sine og flykta. Verken Bate eller Kila kunne gå på skulen, dei måtte hjelpe familiane sine.

Frå flukt til blomstring

Etter at dei fekk reint og trygt vatn med midlar frå Kirkens Nødhjelp og det norske folk gjennom TV-aksjonen, har landsbyen vakse til 8000 innbyggjarar, butikkar og marknadar blømer, Kila og Bate går på skulen og får ei betre framtid.

Pengane frå Fasteaksjonen bidreg til at Kirkens Nødhjelp kan gje menneskjer over heile verda tilgang til reint og trygt vatn, trygge toalett og opplæring i hygiene. Kyrkjelydane har laga digitale innsamlingar på facebook, Vipps og sms.

– Alt som vert gitt, uansett plattform, blir registrert på lokal kyrkjelyd. Vi håpar at vi skal klare samle inn minst like mykje som før, sjølv om aksjonen i år må vere digital, seier kateket i Stryn, Beate Nes, i ei pressemelding frå kyrkjekontoret i Stryn.