Hugs å stille klokka til sommartid i helga

Fram eller tilbake?: Denne trioen gler seg til stille klokka FRAM natt til søndag, og oppfordrar alle andre til å gjere det same.  Foto: Sigrid Heggestad

Nyhende

Natt til søndag 29. mars må du hugse å stille klokka ein time fram, frå klokka 02.00 til 03.00.

Det betyr at vi har lysare kveldar i vente.

Norge og mange andre europeiske land innrettar seg til EU-direktivet om sommartid. EU-kommisjonen har tatt opp om ein skal oppheve denne ordninga, og saka ligg framleis til behandling i EU-systemet.

Dersom forslaget blir vedteke blir det deretter opp til kvart enkelt land å gjere eit endeleg val av tidssone. Inntil vidare held Norge seg til direktivet, melder Justervesenet i ei pressemelding.