Norsk Friluftsliv

Viktig å spreie turtrafikken i påska

Paraplyorganisasjonen Norsk Friluftsliv ber kommunane leggje til rette for alternative turar slik at folk med smittefrykt tør gå ut.

Skilta løyper: Hugs å hald god avstand i skiløypene, og vel gjerne alternative løyper for å unngå store folkemengder. Her ved Ullsheim.  Foto: Sigirid Heggestad

Nyhende

Historier om trengsel på populære turstader kan føre til at færre bruker naturen i påska, fryktar organisasjonen.

– Kommunane bør kome med tydeleg informasjon, kart og alternative turruter til innbyggjarane sine, slik at ein får spreidd trafikken mest mogleg i eigen kommune i påska, seier generalsekretær Lasse Heimdal.

Han oppmodar til samarbeid med lokale turistorganisasjonar som kjenner områda godt og håpar at også kommunane tenkjer på folk som treng ein parkeringsplass.

– Det å kome seg ut og sleppe bekymringar og hyppige nyheitsoppdateringar, er viktig både for kroppen og toppen, seier Heimdal.

(©NPK)