Roger Sevrin Bruland frå Utvik dokumenterer koronakrisa for omverda:

- Noko av det mest dramatiske eg har sett

Roger Sevrin Bruland frå Utvik har med stort mot reist rett inn dei verst koronaramma områda i Italia for å dokumentere situasjonen, no sist også på intensivavdelinga blant dei dårlegaste pasientane. – Dette er noko av det mest dramatiske eg har sett, seier NRK-reporteren, som understrekar at det er viktig at ein no er ansvarlege og held smittevernreglane.

No er det alvor: Ein sjukepleiar utstyrer Roger med nødvendig verneutstyr før han får kome inn på sjukehuset. No er det alvor. – Eg fekk litt «Tsjernobyl-kjensle», det var uhyggeleg, seier Bruland.   Foto: NRK/Nicola Zini

Nei, dette er ingen influensa! Dei aller fleste får nok «milde» symptom. Men det er ingen tvil om at det kan vere ein brutal sjukdom, det eg har sett.

Nyhende

Roger Sevrin Bruland besøkte nyleg Monza, byen som er mest kjend for si racerbane, men som no vert like kjend for å romme eit hardt råka koronahospital.