Bingofeber på Radio Stryn

– Dei siste vekene har vi trulig hatt ei dobling av bingospelarar, viss vi ser på salet, seier programvert på Radio Stryn, Ove André Aarskog.

Glade bingovinnarar : Ida og Eskil Hjelmeseter Frøholm i Innvik var blant mange ivrige deltakarar som sende inn bilde sist torsdag. – Vi har spelt bingo kvar torsdagskveld sidan skulane stengde. Det har vore eit fint avbrekk i desse koronatider, fortel mor Jorunn Hjelmeseter Frøholm.   Foto: Jorunn Hjelmeseter Frøholm

Nyhende

Han fortel at for tre veker sidan var dei nesten utselde for bingoblokker. Ryktene gjekk om handgemeng på ein utsalsplass, der tre personar krangla om to bingoblokker. Då var det ikkje fleire bingoblokker inne til levering, sidan alt var ute i butikkane.