Krise for kinobransjen

Utsett: Den norske storfilmen "Kampen om Narvik" er førebels utsett, som så mange andre norske og internasjonale filmar.  Foto: Filmweb

Nyhende

Norske kinoar mister inntekter på 22 millionar kroner kvar veke dei må halde stengd.

Det viser tal frå bransjeorganisasjonen Film og Kino. Kino- og filmforskar Ove Solum trur mange kinoar vil slite framover.

– Det er tomme salar rundt om i heile Kino-Norge, og det er ein heilt ny og dramatisk situasjon, seier Solum.

Kinoane må halde stengt fram til minst 15. juni. Ein del har starta med drive-in kino. Norske kinosjefar trur det kan ta minst eit halvt år før kinoene kan gå som normalt att.

– Når 75 prosent av repertoaret kjem frå Hollywood, og mange av titlane er flytta til neste år, får det betydning for kva som skjer vidare, seier Arild Kalkvik i Trondheim kino på nettsida til Rushprint.

Komande torsdag vil truleg kulturministeren gje beskjed om kinoane vil få opne att til sommaren, eller om stenginga blir forlenga. Då blir det klart om også arrangement med under 500 personar blir forbode eller ikkje fram til 1. september.

(©NPK)