Handballgruppa i Stryn:

– Urimeleg å betale full leige

– Det er urimeleg å betale full leige når hallen er stengd, seier leiar i Stryn handball, Rita Stølen Veamyhr. No håpar handballgruppa at kommunen vil ettergi deler av utgiftene dei har.

Søkjer kommunen om hjelp: Arrangementssjef Bente Bjerkenås (t.v.) og leiar Rita Stølen Veamyhr i Stryn handball ønskjer at kommunen ettergir deler av utgifter i samband med leige av kiosken i Strynehallen og utgifter i samband med reklamevegg.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Handballgruppa har sendt søknad til kommunen der dei ber om ettergjeving av deler av utgifter i samband med leige av kiosken i Strynehallen, samt utgifter i samband med reklamevegg.