Sport & Spaß er tilbake:

Filma du, Eivind Karlsbakk?

Lokalsportmagasinet Sport & Spaß er tilbake på lufta etter ein heller ufrivillig «koronapause».

Filming? Eivind Karlsbakk vart utvist i cupfinalen 1995.  Foto: Faksimile frå Fjordingen

Nyhende

Trass «tørketid» når det gjeld lokalsport for tida så kan du høyre ei ny utgåve av Sport & Spaß på Radio Stryn onsdag kveld.

Frank Hool, Roy Aron Myklebust og Thomas Thaule kan love ei spekka sending, der sjølvaste Linda Eide frå Eides Språksjov på NRK blir med på telefonen for å diskutere ord og uttrykk frå sportens verden.

Vidare børstar redaksjonen støv av Eivind Karlsbakk, stryningen som er ein av få fotballspelarar som har blitt utvist i ein cupfinale. Korleis opplevde han eigentleg situasjonen som førte til marsjordre i finalen mot Rosenborg i 1995?

Og korleis står det eigentleg til med lokalfotballen for tida? Vi spør Stryn sin nye trenar, Øystein Hesjedal, om korleis treningskvardagen er.

Aiaiai! Lokalsportmagasinet Sport & Spaß er tilbake på Radio Stryn onsdag kveld.  Foto: Fjordingen