Framleis uvisse kring seriestart

Uvisst: Håvard Kroken (t.v.) og Stryn må framleis vente på seriespel.   Foto: Stig Høynes (arkiv)

Nyhende

Kor tid lokalfotballen kan starte opp att er framleis i det blå.

– Tidspunkt for oppstart av seriar er framleis uviss, men vi har fått signal om at nye retningslinjer for avvikling vil kome i starten av mai. Inntil då veit vi ikkje kor tid vi får lov å starte opp kampaktiviteten. Ved sein oppstart av seriar vil det naturleg nok kunne bli eit komprimert serieoppsett som kan medføre stor kampaktivitet i ein begrensa periode på hausten for å få fullført sesongen, melder Sogn og Fjordane fotballkrets på si heimeside.