Hestebesøk og utandørs konsert ved Vikane Omsorgssenter

Trass i nye rutinar og strenge restriksjonar på grunn av koronaviruset, går kvardagen sin gang på Vikane Omsorgssenter med ulike aktivitetar.

Ein vikar som jobbar på Vikane Omsorgssenter kom på besøk med hesten sin, og fekk helse på nokre av bebuarane ved omsorgssenteret i Innvik.   Foto: Vikane Omsorgssenter

Nyhende

På Vikane Omsorgssenter har vi vore så heldige å få besøk av Kåre Rake med trekkspel. Han spelte fleire kjende låtar til stor glede for bebuarane og personale. Han kunne ikkje kome inn då omsorgssentera er stengde for besøkande. Men bebuarane samla seg ute, og Kåre heldt god avstand etter gjeldande reglar.