Johannes Thingnes Bø:

Karrierestopp i 2026

Johannes Thingnes Bø held fram karriera til OL i 2026.  Foto: NSSF (arkiv)

Nyhende

Johannes Thingnes Bø har sett datoen for når skiskyttarkarrieren er over. Etter OL i 2026 er det stopp for stryningen.

Det opplyser Thingnes Bø i eit intervju med TV 2. Han har med andre ord ingen planar om å gjere som skiskyttarlegenda Ole Einar Bjørndalen og forlengje karrieren til han er godt over 40 år.

– Eg går til 2026, og så er det slutt. Eg trur åra kjem til å gå fort, for motivasjonen min blir berre sterkare og sterkare, seier Thingnes Bø, som fyller 27 år om snautt to veker.

– Eg trur OL i Italia i 2026 blir kjempefint. Då er det punktum. Men det er uaktuelt å slutte før den tida. Det blir eit naturleg tidspunkt å gi seg på. Då blir eg 33 år, slår han fast.

(NPK)