Alvhild og Paul var mellom dei første som fekk koronaviruset i Nordfjord:

Skremmande at koronaviruset smitta så lett!

Ein kort biltur og to personar som kanskje tok i same dørhandtak. Det var alt som skulle til for at koronaviruset skulle kome til Hjelledalen. – Skremmande at det skulle vere så lett å bli smitta. Det viser at ein ikkje må lette på smitteverntiltaka! seier Alvhild Tenden, som vart så sjuk at ho vart innlagd på sentralsjukehuset i Førde.

Ei stor bekymring: Det var ikkje berre eiga helse som vart fokuset for Alvhild Tenden og Paul Egge då dei begge vart smitta av koronaviruset. – Å ha dyr er eit stort ansvar. For oss var det ei stor bekymring om vi skulle bli friske til lamminga. Men det vart vi heldigvis, seier dei. 

Nyhende

Vi hadde akkurat vore gjennom denne veka i mars som kom litt brått på oss alle. Den veka då heile Norge stengde ned. Framleis var det litt uverkeleg, koronaviruset var «noko som fanst andre stader». Noko folk kom heim med etter å ha blitt smitta i utlandet.