Utradisjonelt 16. mai-oppgjer mellom Stryn og Eid

Duell: Det er duka for utradisjonell duell mellom Stryn og Eid.   Foto: roy aron myklebust

Nyhende

Det klassiske Kretsliga-oppgjeret mellom Eid og Stryn 16. mai utgår grunna koronakrisa. Likevel blir det lagt opp til ein aldri så liten duell.

Kampane mellom Stryn og Eid 16. mai har vore eit av høgdepunkta i lokalfotballen i ei årrekkje. Men i år blir settinga ein litt annan.

–Stryn fotball er utfordra av Eid fotball om kven som sel flest «kampbillettar» til oppgjeret som skulle vore spelt 16. mai på Eid stadion. På den måten kan folk støtte klubben sin i ei vanskeleg tid, seier leiar i Stryn fotball, Torstein Tvinnereim.

Ifølgje Tvinnereim har stryningane ingen planar om å tape denne duellen. Førre 16. mai-kamp tapte nemleg Stryn 1–5 og måtte avslutte kampen med ni mann. Kanskje det blir revansje her?