Biblioteka i Stryn og Hornindal:

Opnar att med avgrensa tilbod

Stryn bibliotek opnar dørene att måndag 18. mai med avgrensa tilbod til brukarane. Bibliotekavdelinga i Hornindal opna onsdag.

Stryn bibliotek opnar att måndag, men vil og halde fram med take away-tilbod. Her Sigrid Flo Standal med hentekassa ved hovuddøra.  Foto: Sigrid Heggestad

Nyhende

Det blir ein del avgrensingar i tilbodet, blant anna redusert opningstid der ein startar med sommaropningstidene no. Det blir også avgrensingar i kor mange som kan vere i lokala på same tid, med maks 20 personar om gongen.