God stemning i russebilen:

– Vi har meir på lager

Russen har tradisjon for å halde det gåande natt til 17. mai. Strynerussen 2020 er ikkje noko unntak, trass ei heller spesiell russetid.

Tonningsgata: Strynerussen heldt det gåande heile natta og gjer det same utover dagen 17. mai. Rickard Loen, Snorre Øvreberg, Alexandra Solum, Daniel Eikås Jakob Bø og Andreas Flo Stavik har kosa seg trass ei spesiell russetid. Bak på bilen: Anders Berentzen.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

– Vi har halde det gåande i heile natt, og dei fleste her har ikkje sove på to døgn, seier Alexandra Solum når lokalavisa møter eit knippe russ i Tonningsgata.

Sjåfør Snorre Øvreberg og dei andre har vore mykje i Stryn, men også hatt avstikkarar til Oppstryn og Loen i løpet av natta.

– I Stryn var det bra med folk, men etter kvart vart vi åleine i gata her, seier Snorre.

God stemning: God stemning i russebilen på føremiddagen 17. mai, trass minimalt med søvn. F.v. Andreas Flo Stavik, Rickard Loen, Daniel Eikås, Jakob Bø og Alexandra Solum.  Foto: Thomas Thaule

– Det har vel vore ei spesiell russetid for dykk?

– Ja, men vi har i grunn hatt det veldig kjekt likevel sjølv om vi har gått glipp av russedåp og diverse russetreff, seier Andreas Flo Stavik, Rickard Loen, Daneil Eikås, Jakob Bø og Alexandra Solum.

Og skal vi tru russen så er ikkje russetida ferdig heilt enno.

– Russetida er utvida med eitt par veker. Vi har meir på lager! fortel Daniel Eikås.

Sjåfør: God stemning i russebilen på føremiddagen 17. mai. Russebilsjåfør Snorre Øvreberg fortel om mykje «rulling» i Stryneområdet.  Foto: Thomas Thaule