17. mai i Innvik

Nyhende

Sjølv om mykje av den tradisjonelle 17. mai-feiringa måtte avlysast, har bygder og grender markert dagen høgtideleg på kvart sitt vis. Her er nokre bildeglimt frå dagen i Innvik.

Kristian Sunde Reme legg blomster på gravsteinene til Kristoffer Svoren. Svoren var ein av mannskapet på fem på ein båt som gjekk ned då russiske fly bomba hamna i Honngsvåg i 1942. Ein av mannskapet vart funnen og gravlagd som "ukjent sjmøand", medan Kristoffer Svoren fekk namnet inngravert på gravsteinen til kona.   Foto: Ingvild Johansen

Ei fin og verdig stund for alle dei frammøtte på kyrkjegarden i Innvik.   Foto: Ingvild Johansen

Ved grava til Per Faleide. Per Faleide var ein av åtte frå Sogn og Fjordane som fall under kampane i Valdres i april 1940.   Foto: Ingvild Johansen

Flaggheising ved Heimlund.  Foto: Ingvill Johansen

Hornmusikk ved Tore Drageset og Asbjørn Heggdal.  Foto: Ingvild Johansen

Kristian Sunde Reme, Andreas Røyrvik og Perde Reme.  Foto: Ingvild Johansen

På kyrkjegarden i Innvik. Ikkje det beste veret, men innimellom bygene vart det faktisk teikn til opplet.   Foto: Ingvild Johansen

Alle foto: Ingvild Johansen