17. mai-markeringa i Hornindal

Hornindal Musikkorps spelar ved ungdomshuset Ljosvang i indre Hornindal. Vinterlege tilstandar!  Foto: Connie Steffenakk Bakke

Nyhende

Hornindal har markert nasjonaldagen på tradisjonelt vis, med korpsmusikk, taler, kransenedlegging og meir. Men sjølvsagt har dagen vore heilt annleis enn han brukar å vere. På grunn av smittevernrestriksjonar, og dessutan på grunn av snøveret dei siste dagane.

Her er glimt frå markeringa i Hornindal:

Kransenedlegging på Hornindal kyrkjegard: Sol Alme Brendefur og Truls Bakke Flåm la ned krans ved krigsminnesmerket over dei falne.   Foto: Harald Vartdal

Kransenedlegging på Hornindal kyrkjegard: Sol Alme Brendefur og Truls Bakke Flåm la ned krans ved krigsminnesmerket over dei falne.   Foto: Harald Vartdal

Kransenedlegging på Hornindal kyrkjegard: Sol Alme Brendefur og Truls Bakke Flåm la ned krans ved krigsminnesmerket over dei falne.   Foto: Harald Vartdal

Vått og surt, men i det minste snøfritt ved omsorgssenteret!  Foto: Harald Vartdal

Fleire bebuarar hadde fått godt med klede på seg og hadde trekt ut for å få med seg musikk og tale.   Foto: Harald Vartdal

Hornindal Musikkorps spelar ved Hornindal Omsorgssenter.   Foto: Harald Vartdal

Varaordførar Sverre Leivdal og korpsdirigent Connie Steffenakk Bakke. Både ordføraren og korpset gjekk direkte på lufta i Radio Stryn si sending.   Foto: Harald Vartdal

Og her er talen Sol Alme Brendefur og Truls Bakke Flåm heldt før dei la på krans ved bautaen ved Hornindal kyrkje:

Gode honndøler! Gratulerer med dagen!

17. mai er ikkje berre grunnlovsdagen vår, men også nasjonaldagen og fridomsdagen til nasjonen Noreg. Vi som er unge i dag, slik som vi i 9. klasse, har alltid opplevt Noreg som eit fritt og sjølvstendig land, men vi veit at det ikkje alltid har vore slik.

Markeringa her ved minnesmerket over dei falne honndølene frå 2. verdskrig minner oss om det.

Det er no 80 år sidan det tyske overfallet på landet vårt den 9. april 1940. Dei fem lange krigsåra fram til 1945 vil for alltid bli hugsa i historia vår. Mange reiste seg til kamp mot overfallsmennene, her i bygda, over heile landet, i utlandet og ikkje minst i den norske handelsflåten. Den engelske statsministeren Winston Churchill sa ein gong at innsatsen til dei norske sjømennene i handelsflåten under krigen var like mykje verdt som ein million soldatar.

Nokre av dei som kjempa for eit fritt Noreg skulle ikkje kome tilbake i live. Slik var det òg for 3 unge honndøler:

Pål Ytrehorn fall ved Kronborg bru i Land i aprildagane 1940. Han vart seinare gravlagd her på kyrkjegarden. Truleg er han den einaste honndølen som er gravlagd her i Hornindal etter å ha falle i krig.

Martin Melheim miste livet i konvoifart frå New York til Liverpool i England då båten vart torpedert av ein tysk ubåt i Atlanterhavet i januar 1942.

Same lagnaden fekk Olav R. Sætren som var maskinist om bord på «Bonneville». Båten som var på veg frå New York til England med forsyningar, vart torpedert i mars 1943. Berre sju av dei 43 om bord vart redda. Olav var ein av dei som miste livet.

Med denne blomsterkransen vil vi heidre minnet om desse tre bygdegutane og takke for den innsatsen dei la ned for landet sin fridom og sjølvstende.