Rundtur i heile Hornindal:

Brannbilkortesje med helsing frå born og ungdom

«Alt blir bra», er bodskapen frå barnehagebarn, skulebarn og ungdom i Hornindal.

Kortesje med bodskap: Barnehagane og skulen i Hornindal har laga banner med bodskapen "Alt blir bra" som pynt til brannbilkortesjen rundt heile Hornindal 17. mai. Frå venstre: Sverre Leivdal, Stig Olav Lødemel, Inger Marie Ringdal og Ståle Hatlelid.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Siste veka før 17. mai la dei stort arbeid i å lage banner som skulle festast på brannbilen. Når barna sjølv ikkje fekk gå i tog, sendte dei bodskapen sin med brannbilkortesjen som vart pynta med bannera og køyrde til nær sagt alle krikar og krokar i Hornindal nasjonaldagen.

- Eg har ikkje finrekna, men reknar med det tek mellom to og to og ein halv time før vi har kome gjennom heile runden, sa Ståle Hatlelid i Hornindal brannvesen før turen starta.

  Foto: Harald Vartdal

- Dette er eit godt samarbeid mellom barnehagane, skulen, 17. maikomiteen og brannvesenet. Det er kjekt å køyre kortesje med ein slik flott bodskap, seier Hatlelid. Han køyrde den eine av dei tre bilane i kortesjen, og fortel at brannmannskapet som var med gjorde dette på dugnad. Undervegs vart det slått i sirena titt og ofte, så folk kunne kome ut og sjå når brannbilen med den gode bodskapen passerte.

  Foto: Harald Vartdal

På bannera hadde borna teikna flott regnboge og sett handtrykka sine som helsing frå seg sjølv til heile bygda.