Buss for tog med Olden Hornmusikk

Buss for tog: Olden Hornmusikk køyrde i buss og spelte for bygdefolket.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Med alle restriksjonane rundt 17. mai-tog i år viste oldarane råd, og bygdefolket kunne både sjå og høyre Hornmusikken frå ein open buss.

Joar Strand køyrde roleg og forsiktig rundt omkring i bygda, og folk langs ruta fekk si tradisjonelle dose med korpsmusikk nasjonaldagen. Frå verandaer og langs vegen stod folk og venta tolmodig på det forbipasserande korpset.

Venta tolmodig: Olden Hornmusikk køyrde i buss og spelte for bygdefolket. Her ventar folk ved Olden Fjordhotel.  Foto: Thomas Thaule

Fjordingen fekk også kome om bord i bussen, og stemninga blant musikantane var særs god.

– Er det ikkje kaldt å sitje i open buss, undra lokalavisa sin utsende på.

– Nei, her har vi det fint, kontra musikarane. Fleire hadde teke sine forholdsreglar, og stilte med ull under uniformen.

Sjåfør: Olden Hornmusikk køyrde i buss og spelte for bygdefolket. Joar Strand var sjåfør.  Foto: Thomas Thaule