Kyrkjene opnar att med restriksjonar:

Første gudsteneste i Oppstryn kyrkje

Endeleg kan kyrkjene opne att, og først ute er Oppstryn, med gudsteneste til vanleg tid på sjølvaste nasjonaldagen søndag 17. mai.

Oppstryn kyrkje får første gudstenesta på nasjonaldagen, etter at korona-stengde kyrkjer i heile landet får opne att.  Foto: Bengt Flaten (Arkiv)

Nyhende

Vi kan ikkje samle meir enn 50 personar, så vi må halde denne gudstenesta for personar frå Oppstryn, fastbuande, eller dei som er på besøk i bygda denne dagen.

Vi må sitje med god avstand til kvarandre i kyrkja, og dei som kjem vil finne eit ark på den plassen der dei kan sitje. Dei som bur saman kan sitje saman, elles må vi alle halde avstand. Handsprit blir tilgjengeleg ved inngangen.

Det er spesielt at vi må registrere oss når vi kjem inn i kyrkja. Mest truleg vil kyrkjeverten notere namnet på dei som kjem etter kvart. Dette er fordi alle blir kontakta om det blir registrert smitte etter gudstenesta. Når dette er sagt vil vi likevel invitere til ei fin samling, med dei kjende nasjonalsongane og fin musikk av organisten vår. Rett etter gudstenesta blir det lagt blomar på støtta rett utanfor kyrkja, så i Oppstryn vil vi få nokre av dei vanlege elementa ved ei 17.-maifeiring. Alle andre får høve til å sjå ei gudsteneste på nettet, som blir innspelt i Nedstryn kyrkje denne veka. Her blir det korsong, bunader og flagg, lystenning, bøn og tekstlesing. I vekene som kjem vil vi fylgje den vanlege gudstenestelista. Retningslinene frå Folkehelseinstituttet vil gjelde.

Vi gler oss til å kome i gong igjen, og reknar med at 50 er eit passeleg høgt tal for våre kyrkjelydar. Dåp vil vi stort sett arrangere i eigne gudstenester i samråd med dåpsfamiliane. Velkomne tilbake til kyrkjene.

Sokneprest Henny Koppen