Korpsa i Stryn:

Gleda bebuarane ved Stryn Omsorgssenter

Musikklaget: Stryn Musikklag spelte tradisjonen tru ved Stryn Omsorgssenter 17. mai.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Stryn Musikklag og Stryn skulekorps var som vanleg eit fast innslag ved Stryn omsorgssenter nasjonaldagen. Sjølv om veret var både kaldt og surt då musikklaget spelte opp så fekk bebuarane ved omsorgssenteret ei fin stund med korpsmusikk.

Det kalde veret gjorde at bebuarane klokeleg heldt seg innandørs, men med vindauge og verandadører på gløtt fekk dei likevel den tradisjonelle korpsmusikken.

Korpsa spelte både i hagen og ved hovudinngangen slik at flest muleg av bebuarane skulle få ein smakebit av songane ein høyrer på nasjonaldagen.

Litt seinare spelte musikklaget på Per Bolstad plass i Stryn sentrum.

Skulekorpset: Stryn skulekorps spelte togså ved Stryn Omsorgssenter 17. mai.  Foto: Thomas Thaule