Rullande 17. mai-tog gjennom Tonningsgata

Bil for 17. mai-tog i Stryn.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Det var bilar som utgjorde 17. mai-toget i Stryn sentrum nasjonaldagen.

I sakte fart glei bilane gjennom hovudgata. Litt «hornmusikk» vart det sjølvsagt også innimellom i Tonningsgata.

Bilkortesjen talde om lag 30 bilar, hovudsakleg veteranbilar og amerikanske bilar. Ein og annan traktor hadde også hengt seg på samt ni russebilar og ein veteranbuss.

– Eg tykte det måtte skje noko når det ikkje vart 17. mai-tog. Responsen har vore veldig god, seier initiativtakar Geir Ove Vinsrygg.

Fleire skodelystne hadde stilt seg opp langs ruta som gjekk frå Per Bolstad plass, via rundkøyringa ved Esso, tilbake gjennom Tonningsgata og opp til ungdomsskulen med retur til sentrum. Det vart også ein tur oppom omsorgssenteret før bilane igjen glei gjennom hovudgata.